søndag 30. juni 2013

Sommartrening, for dei som VIL noko:
U:Illustrerer uthald/springing, dei som tenkjer å springe 200m eller lenger.
S: står for sprint og hopp. Dei som satsar mest på det, kan trene dette.

På alle treningar skal ein først varme opp(jogg 10 min, 4x80m drag) og ha ein liten styrkedel til slutt(minimum 20 armhev og 30 situps).Det er heller ikkje dumt å "jogge ned"(springe to-tre runder heilt roleg etter treninga). Ein bør trene minst tre av desse øktene kvar veke sommaren igjennom. DET gir resultat! Dei som likar å springe kan i tillegg ta ein roleg langtur/fjelltur der ein joggar i 40-60min i behageleg fart.

Ein vel sjølv når ein vil trene.
Økt nr 1:
U:200mx8, 30 sek pause(200m bør gå på mellom 38-43sek)
S: 4 hekkar, samla bein overx8. Sprunglauf:5 seriar over 20m, hink 3 seriar på kvar fot over 20m.

Økt nr 2:
U: 15-15(springe 15 sek, pause 15 sek, ein bør greie 70m på springinga) x20.
S:60mx4x2. Gå tilbake i pausene. 4 min seriepause mellom dei fire 60m.Startblokktrening. Minst 10 startar.

Økt nr 3:
U:To min springing, to min pause. Ein bør prøve å greie mellom 450-550 m på kvart løp.6 repetisjonar.
S: Høgdeteknikk med 3-stegstilløp(10 hopp), 5-steg(10 hopp) og fullt tilløp(10 hopp). Tenk raske tre siste stega før satsen.
.
Økt nr 4:
U: 150mx8 gå tilbake i pausene.God fart frå 100m og inn, tenke høge kneløft og lange steg.
S:Stille tresteg, tresteg med 5-steg tilløp, tresteg med fullt tilløp. 8 rep på kvar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar