lørdag 20. august 2011

Oppstart friidrettstrening haust 2011

Tysdag 09.08.11 kl 17.00 for utøvarar født 2002 eller før.
Onsdag 24.08.11 kl 19.30 er vi også i gang med intervalltreningane i idrettsparken.
Fredag 26.08.11 kl 18.00 trening i idrettsparken for dei fødde i 1999 eller før.

Når innandørstreninga byrjar i okt tar vi sikte på å dele friidrettsgruppa i to,særleg dersom antalet utøvarar vert som i fjor(på over 30 stk).Eldstegruppa vil då innehalde dei fødde i 99 og tidlegare. Denne gruppa bør få til minst ei fellestrening til i veka, og dei som ønskjer det skal få eit opplegg som inneheld ytterlegare ei eigentrening. I den yngste gruppa må vi prøve å få med ein del foreldre, slik at vi er ein vaksen pr 5-7 unge utøvarar.

Alltid minst 10 min jogg, litt drill(frekvens ogspenst) og tre stigingsløp til oppvarming.
23.08.11:Hekk og liten ball
24.08.11:6x600m, 2 min pause
26.08.11:6x200m med to min pause
30.08.11:Langsprint:150mx6.Øve på 200m hekk-passeringar.
31.08.11:6x600m, 2min pause
02.09.11:Myråtgaum og elghufs ved Storhaugen.
06.09.11:Terpe lengde og trestegtilløp.Tjuvstarte treningsstemna med LUT og HUT.
07.09.11:6x600, 2 min pause
09.09.11:kapasitetstest:blip eller cooper
Tysdagastreningane 13., 20. og 27.09 vert approberte treningsstemne der vi prøver oss på ein seriedugnad for å samle mest mogleg poeng til lagseriane.Då vil vi approbere stort sett alle øvingar, til og med 200m hekk, tresteg, kappgang etc.
14.09.11:3000m-test